Kommunestyret i Suldal vedtok detaljreguleringsplanen for rassikring av rv. 13 på strekninga Ersdal–Lovraeidet i møte 31. januar 2017.

Planen omfattar tunnel gjennom det meste av planområdet, ny trafikkløysing i Lovraeidet og utfylling for utvida næringsområde i Lovrafjorden. 

Det er ikkje gjort endringar i plankartet og bare ei mindre endring i føresegnene i høve til høyringsframlegget. Plandokumenta finn du her.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland