Statens vegvesen Region vest kunngjer oppstart av arbeid med reguleringsplan med konsekvensutgreiing for skredsikring av rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane i Suldal kommune.

Framlegg til planprogram er på offentleg høyring med frist til 27. november.

Føremålet med planprogrammet er å klaregjere kva løysing som skal regulerast, og korleis planarbeidet skal utførast. Suldal kommune vil fastsette endeleg planprogram etter høyringa.

Statens vegvesen tilrår ein ca. 4,0 km lang tunnel frå Lovraeidet til Ersdalen. I tillegg kjem ca. 0,4 km veg i dagen og kryss ved Lovraeidet og ca. 0,5 km veg i dagen ved Ersdalen.

-

Målet er at framlegg til reguleringsplan kan vere klar i mars 2016, og at kommunestyret vedtek planen før sommaren. I samband med høyring av reguleringsplanen vert det arrangert ope møte.

Varslingsområde. Kart: Statens vegvesen Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Rogaland