Planprogrammet er no vedteke i Vik kommune, og planarbeidet elles er i rute.

Utkast til planprogram har vore på høyring, og 22. mai vedtok Vik kommune planprogrammet. Vedlagt er det vedtekne planprogrammet. Vi har teke inn vurdering av dei innkomne merknadene og kommunen sitt vedtak. Innhaldet i planprogrammet er ikkje endra.

Planarbeidet er og elles i rute. Det har vore gjennomført supplerande grunnundersøkingar. Arbeidet vil fortsetje med fleire registreringar i marka. Det vil m.a. bli utført arkeologiske registreringar. Vi har som mål å få lagt utkast til plan ut på høyring i oktober månad.

Aktuelt for fylke(r): Vestland