Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

25. mai 2021 vart Sogevegen på gamle E134 mellom Hjartdal og Seljord innvigd

Då vart og fleire skilt avduka i regi av dei to ordførarane frå kommunane Hjartdal og Seljord, Bengt Halvard Odden og Beate Marie Dahl Eide.

Sogevegen mellom Hjartdal og Seljord er no offisielt innvigd. (Foto: Jack Hagen)

For Statens veg vesen markerte det avslutninga på etterbrukstiltaka på gamle E134 over Nutheim etter opninga av Mælefjelltunnelen 19. desember 2019.

Nytt utsiktspunkt

Tunnelen er den lengste vegtunnelen i Telemark og den sjuande lengste i landet. Totalt blei det bygd 11,7 km ny veg som erstatta 22,6 km av den tidlegare vegen om Nutheim og Flatdal. Sjølve tunnelen er 9,4 kilometer lang.

I fjor sommar opna Statens vegvesen det nye utsiktspunktet Nylende utsiktspunkt Flatdal ved Nutheim. Det er no blitt Sogevegens største turistattraksjon.

Utsiktspunktet ved Nutheim blei opna 1. juli 2020. (Foto: Kjell Wold)

Engasjement og dugnad

-Prosjekt E134 Gvammen-Århus hadde avsett 40 mill.kr til bruk som tiltak på avlasta vegnett, no fv. 3420 om Nutheim. Dette var i utgangspunktet tenkt nytta som TS-tiltak, mellom anna med bygging av ny G/S-veg på 2 km av strekninga- For å få betre nytte av midla blei det satt ned ei styringsgruppe med folk frå SVV, fylkeskommune og kommunane Hjartdal og Seljord. Lokale arbeidsgrupper i Hjartdal, Svartdal og Svartdal deltok og med engasjement og dugnad. Dei vart samde om at midla skulle brukast og prioriterast av styringsgruppa for å få meir tiltak ut av midla, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Trond Øygarden.

11km turistsykkelveg

Resultat blei ei samanhengande sykkelrute på/langs heile 11 km avlasta vegnett. Det marknadsførast no som en skilta turistveg og sykkelrute.

-Vi meiner denne organiseringa og bruk av midla har hatt store positive ringverknader for dei som bor langs vegen, næringsaktivitet, attraksjonar og kulturhistorie i bygdene. Det har og vært mogleg å sette opp skilt, informasjon, markørar/kunst for å tiltrekke seg bil- og sykkelturistar langs Sogevegen, seier Trond Øygarden

 

Ordførar Bengt Halvard Odden i Hjartdal og ordførar Beate Marien Dahl Eide i Seljord med Trond Øygarden i Statens vegvesen i midten. (Foto: Jack Hagen)