Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har gleda av å invitera til opninga av den nye rasteplassen på rv. 36 mellom Bø og Seljord ved Stodi torsdag 22. oktober kl. 14.

Program

  • Statens vegvesen ynskjer velkomen
  • Fortellingar om sjøormen i Seljordvatnet
  • Born frå Seljord underheld
  • Enkel servering

Ordføraren og rådmannen i Seljord kommune kjem, og dessutan vil representantar frå entreprenør Hovden Hytteservice AS, Vestfold og Telemark fylkeskommune og Statens vegvesen vera til stades på markeringa.

Ingen heilt vanleg rasteplass

Dette er ingen heilt vanleg rasteplass. Her finnast ein heilt ny attraksjon i Seljord kommune, ein sjøormskulptur.

Sjøormen er bygd i betong og er ein del av rasteplassen der born kan boltra seg. Det er sett opp bord og stolar i stein mellom dei ulike kroppsdelane til sjøormen. På området er det òg toalettanlegg og parkeringsplassar.

Det er kunstner John Poulsen som har utforma sjøormen, i samarbeid med Hovden Hytteservice AS og rådgjevarselskapet Cowi.

 

Sjøormskulptur av John Poulsen. Foto.
Denne sjøormskulpturen kan ses på den nye rasteplassen på riksveg 36 mellom Bø og Seljord. Foto: Statens vegvesen, Jorun Sætre
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark