Sjøormen i Seljordvatn har fått ein slektning: Ein 30 meter lang artsfrende på ein nyopna rasteplass på riksvei 36 ved vatnet.

Rasteplassen er blitt populær og mykje brukt i heile sommar.
Rasteplassen er blitt populær og mykje brukt i heile sommar. Foto: Jorun Sætre

- So nice, sa Rob Breukelen og Brigitte Meerooms frå Nederland da dei var på besøk sist helg. Paret frå Purmerend i nærheten av Amsterdam var veldig begeistra for plassen. Dei fotograferte sjøormen og den flotte utsikten utover Seljordsvatnet. Foto er deira store hobby.

Rob og Brigitte har hatt bilferie i Norge i tre uker. No skal de starte på hjemturen etter nokre dagar i Telemark. I går var de på Gaustatoppen.

Rob Breukelen ig Brigitte Meerooms frå Nederland er begeistra for plassen og sjøormen både til vanns og på land.
Rob Breukelen ig Brigitte Meerooms frå Nederland er begeistra for plassen og sjøormen både til vanns og på land. Foto: Jorun Sætre

Auka trafikk

Frå opninga av den nye rasteplassen i mai i år har trafikken på rv. 36 auka med vel 35 prosent samanlikna med årsdøgntrafikken i åra før. Årets sommarmånader fortel om ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 2552 i juni 21, 3269 i juli 21 og 2836 i august 21.

- Gjennomsnittleg årsdøgntrafikk i perioden 2012 – 2015 var 2 394. Juli 2021 hadde derfor ca 35% fleire køyretøy pr døgn enn gjennomsnittet i perioden 2012 – 15, fortel prosjektleiar Tom Hedalen i Statens vegvesen.

Opna i mai 21

Utbetringsprosjektet på rv. 36 mellom Bø og Seljord blei billegare enn først rekna med, utbetringa er gjennomførd på ei lengre strekke enn planlagd og på mye kortare tid - og med lågare bomtakster enn først berekna.

- Vi er og glade for at Sjøormen rasteplass ved Seljordvatn er blitt eit stor trekkplaster for turistar og andre vegfarande, seier Tom Hedalen.

Kjell Inge Davik og Tom Hedalen på vegopninga i Seljord. (Foto: Kjell Wold)
Kjell Inge Davik og Tom Hedalen på vegopninga i Seljord. Foto: Kjell Wold
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark