Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Når utbetringsstrekka på riksveg 36 Bø-Seljord opnar, vert prosjektet billegare og utbetringa er gjennomført på ei lengre strekke enn planlagt.

Fjellskjeringer på rv. 36 langs Bø-Seljord
Det er mange høge fjellskjeringer på rv. 36 langs Seljordsvatnet, her fra Stodiparsellen. Foto: Jorun Sætre

Programmet for opninga av den 3,7 km lange strekka er klart.

Utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, leier arrangementet, medan det er statssekretær Anders Tyvand i Samferdselsdepartementet som skal gjera den offisielle opninga og klippe snora.

Markeringa skjer på den nye Sjøormen rasteplass på rv. 36 på Stodi kl. 13.

Program

  • Velkomen ved utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik.
  • Taler.
  • Den nye rasteplassen har fått namnet Sjøormen rasteplass – det vert markert av ordførar i Seljord Beate Marie Dahl Eide.
  • Snorklipp ved statssekretær Anders Tyvand.
  • Enkel servering.
  • Kulturelt innslag ved Kjetil Flatland.
  • Avslutning ca. kl. 14.

Sjøormen rasteplass rv. 36 Bø-Seljord
Den nye Sjøormen rasteplass. Foto: Jorun Sætre

Sjøormen rasteplass © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark