Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

Stein er ikkje stein. For at vegen skal tole belastninga av trafikken, må steinen ha høg kvalitet. Prøver frå veganlegga blir testa under hard belastning i laboratoriet.

All steinen som blir bruka i bygginga av E 134 Gvammen-Århus kjem frå Mælefjelltunnelen eller fjellskjeringa utanfor. Til saman blir det bruka omlag 150 000 kubikkmeter med stein for å byggje opp vegen inne i tunnelen og mindre vegar utanfor. Vegar skal halde seg jamne i mange år, difor er det strengje krav til kva slags stein som blir brukt. Det er her det kjem inn at all stein ikkje er like god. Utanfor tunnelen blir vegen bygd opp av eit frostsikringslag i botn, over der kjem forsterkningslag.

Veglaboratoriet
Platebelastning Mælefjelltunnelen og test i laboratoriet i Skien Laborantene Stig Rønningen, Thomas Wefall og Thommas Pedersen


Prøver 250 kg stein

- Steinen her består av stein i storleik 20-120 mm. Her frå vegen i tunnelen har vi no teke ei stikkprøve av sjølve vegen. Prøva skal vere på minimum 250 kg når vi testar korngradering og, fortel Stig Rønningen.
Prøva blir frakta til det nye og utvida laboratoriet på Moflata i Skien. Deretter blir steinprøva splitta ned til 155 kg for korngraderinga. Denne blir igjen sikta i åtte ulike fraksjonar. Resten av materialet blir knust ned kor to fraksjonar i storleik 10-12,5 mm og 12,5-14 mm, blir vald ut til to testar vidare:


To målemetodar

Micro Deval analysa måler kor motstandsdyktig steinen er mot abrasiv slitasje. Abrasiv slitasje er når to materialer blir gnidd mot kvarandre. For denne testen blir tekne 500 gram av dei sorterte steinane over i ein trommel saman med vatn og metallkuler. Behaldaren blir deretter snurra 12 000 gonger rundt. Når den er ferdig i trommelen blir den teken ut og tørka. No kan laborantane lese av kor mykje av steinane som har blitt att og kor mykje som er malt opp til fin sand. Dårleg stein gir mykje sand, god stein mindre. Steinen frå Mælefjelltunnelen er svært god til å byggje veg med. Steinane som kjem ut ser ut som elvestein med runde kantar.

LA-analyse (Los Angeles metoden), måler kor motstandsdyktig steinen er mot nedknusing. LA-analysa bruker ei større mengde stein og monaleg større metallkular i trommelen. Denne metoden skjer tørt, men med færre rundar i trommelen. Dei tunge kulene er likevel hardhendte med steinane. Etter denne behandlinga har steinane skarpe kantar.


Dårleg veg

Mælefjellsteinen bestod begge testane med glans. Det hender i andre veganlegg at det blir sprengt skjere, men at steinen ikkje er god nok til å kunne brukast i vegbygging. Då må vi køyre vekk steinen og hente stein frå andre stader kor kvaliteten er høgare.
Dersom ikkje steinen i forsterkningslaget er god nok, vil steinane bli knuste og malt opp mot kvarandre mens den blir belasta med trafikk. Når steinen går sund inne i sjølve vegen, vil det bli setningar og ofte hjulspor.

 

Sjå også: Testar vegen med trykk

Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark