Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen stenger riksveg 36 for trafikk mellom Sanden camping og vidare mot Seljord i samband med utbygginga av Buktiparsellen. Vegen vert halde stengd samanhengande i fem månader og opnar igjen 1. mai 2021.

Årsaka til stenginga er omfattande sprengningsarbeid og dessutan arbeid med ny veg som vil kryssa dagens veg i anna høgde.

Personbilar må køyre på vestsida av Seljordsvatnet, om Garvikstrondi. Tunge køyretøy må bruke E134 om Notodden og Hjartdal som omkøyringsveg.

Dei som bur nærast blir varsla med SMS i god tid før sprengningsarbeid. Hus- og hytteeigare i anleggsområdet er oppmoda til å ta kontakt med entreprenør for å gjere seg kjent med tilhøva.

Dette er siste stengeperiode på prosjekt rv. 36 Bø-Seljord. Etter tidlegare stengeperiode vart Stodiparsellen bygd ferdig og trafikken sett på 1. mai 2020.

Mange høge fjellskjeringar på Stodiparsellen. Foto: Jorun Sætre, Statens vegvesen
Mange høge fjellskjeringar på Stodiparsellen. Foto: Jorun Sætre, Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark