Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen vurderer om det er mogeleg å redusere stengjetida for rv. 36 mens ny veg blir bygd, etter innspel frå ordførarane i Bø og Seljord.

Den nye vegen som skal byggjast langs Seljordsvannet vil få betre auka trafikktryggleik. Terrenget er svært kupert, fleire stader stig fjellet stupbratt opp frå vatnet. Terrenget gjer at dagens veg må stengjast i lenger periodar.

-     Med bakgrunn i politiske innspel freistar vi no å sjå om det finst nokre høve til å redusere stengjetida. Vi vil også sjå om det er praktisk mogeleg å utsetje arbeidet med Sjøormporten.

Det er to prosjekt som skal gjennomførast for å få eit tryggare rv. 36. I tillegg til 3,1 kilometer ny veg, skal også Sjøormporten gjennom ei omfattande renovering. Det er planlagd å stengje 20. september. Bygginga av den nye vegen vil starte etter sommarferien. Her er det nødvendig med framleis stengd veg fram til 30. april.

-     Det er uakseptabelt å ha trafikken gåande på riksvegen i store delar av anleggsperioden på grunn av stor risiko for trafikkulukker og for tryggleiken til dei som byggjer vegen, seier avdelingsdirektør Tore Kaurin i Vestfold og  Telemark


Arbeidde som skal gjerast i tunnelen er både lovpålagd og omfattande.  Fordi det meste inne i tunnelen skal fjernast, inkludert vatn- og frostsikring, er det heller ikkje her mogeleg å ha trafikk i tunnelen mens deler av arbeidet varer.

Opprusta for 10 millionar

Både når tunnelen blir stengd og når bygginga av den nye vegen kjem i gong for fullt, må personbilar og buss køyre fylkesveg 156 på motsett side av Seljordsvannet som omkøyringsveg. For lastebilar er det omkøyring om Notodden via:E134 og fv. 360. Omkøyringa vil bli skilta. Denne omkøyringsvegen er lang, men vil bli korta ned med meir enn ti kilometer når Mælefjelltunnelen opnar mellom Hjartdal og Seljord til jul.

Nesten 10 millionar kroner er brukte for å utbetre fylkesvegen før den blir omkøyringsveg. Fire kilometer av fv. 156 blei hausten 2018 asfaltert, samtidig blei kantane forsterka og fleire møteplassar bygde. I løpet av våren vil det bli montert 2,5 kilometer med nytt rekkverk langs vegen.

40 000 lastebilar

Gjennom å rette ut svingar og gjere bakkar slakare, er målet å redusere både utforkøyrings- og møteulukker samtidig som det blir betre for næringstrafikken å kome fram. Størstedelen av steinen som blir sprengd ut, er planlagd brukt i anlegget, blant anna til ei stor fylling i Bukti.  For å transportere all steinen, treng vi rundt rekna 40 000 lastebilar. Dette er så mange lastebilar at om alle blei parkert støytfangar mot støytfangar, side om side, så ville dei dekkje fire i bredda heile riksveg 36 frå E18 i Eidanger til den møteE134 i Seljord.
Kostnadsramma for vegen, som er vedteken av Stortinget skal bompengefinansierast, er på  291 millionar kroner.

Stengjer etter Dyrskuen

Det vil gjennom heile anleggsperioden vere framkomst til eigedomane frå ei side,  frå Bø eller Seljord. Skulebarn skal køyrast trygt ut av anleggsområdet. For å gjere ulempene minst mogeleg blir vegen fyrst stengd etter at Dyrskuen er ferdig.

Riksveg 36 ved Seljordsvannet
Foto: Tor Arvid A. Gundersen
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark