Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen og utbyggjar Hæhre Entreprenør AS startar arbeidet med ny Skjøiten bru i månadsskiftet april/mai.

Den nye brua med tilhøyrande veg kjem om lag 40-50 meter nedstraums dagens bru. Arbeidet er berekna å ta om lag 17 månader, og er berekna avslutta i september 2022.

Trafikken på riksveg 52 forbi anleggsstaden blir i minst mogleg grad påverka av bruarbeidet. På strekninga Venås bru Skjøiten bru blir rv. 52 breiddeutvida på ein om lag 600 meter lang strekning.

Under deler av arbeidet kan trafikken forbi anleggsstaden bli lysregulert, men rv. 52 blir aldri stengd. Nokre av turvegane nær anleggsområdet, til dømes deler av Kongsvegen, blir stengd mens brua blir bygd.

Sidan elva langs vegen er ei viktig fiskeelv tek ein spesielle omsyn til naturen og miljøet i anleggstida. Entreprenøren vil ha riggen nær anleggsstaden. Anleggsarbeidet vil gje noko støy og støv frå gravemaskinar, lastebilar og fjellsprenging.

For meir informasjon om prosjektet og anleggsarbeidet, kontakt:

  • Prosjektleiar Knut Erik Skogen 91750056, E-post:
  • Byggeleiar: Tone Bakken 90539655, E-post:
Aktuelt for fylke(r): Viken