Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Frå måndag 31. mai og ut året 2021 blir det lysregulering av trafikken forbi Skjøiten bru på rv. 52 i Hemsedal.

Frå måndag 31. mai blir det lysregulering på rv 52 ved Skjøiten bru. (Foto: Kjell Wold)

-Anleggsarbeidet er no i gang for fullt og vil og halde fram gjennom heile sommaren utan ferieopphald, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Tone Bakken.

Dei neste vekene blir det og ein del sprengingsarbeid på sida av dagens veg. Entreprenøren Hæhre vil prøve å gjere mest mogleg av bruarbeidet i løpet av denne sommaren og hausten.

Trafikkantane må rekne med litt ventetid gjennom anleggsstaden.

 

Prosjektleiar Knut Erik Skogen og kontrollingeniør Tine Sørbye i Statens vegvesen ved gamlebrua som får avløysing neste sommar. (Foto: Kjell Wold)