Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Forlenging av Støylsnestunnelen på rv. 5 langs Kjøsnesfjorden er kome godt i gang. Sist veke starta Hæhre entreprenør tunneldriving frå Kjøsnes, og nærmare 400 meter ny tunnel er sprengt ut frå dei to andre stuffane.

-Entreprenøren starta arbeidet rundt årsskiftet, og dei er i rute med arbeida. Hæhre driv no tunnel frå tre stuffar, og det er med på å sikre framdrifta, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen.

Den eksisterande Støylsnestunnelen på ca 2 km skal forlengjast til å bli ein tunnel på totalt 8,5 km. Prosjektet blir bygd for rassikringsmidler og har ei styringsramme på 1,2 mrd kroner. Det omfattar også nytt elektrisk utstyr i heile lengda på tunnelen. Den nye Kjøsnestunnelen bli den lengste tunnelen på strekninga mellom Sogndal og Førde i Vestland fylke, der Fjærlandstunnelen (6,4 km) og Frudalstunnelen (6,8 km) frå før er lange tunnelar.

Såg strekningar i samanheng

Arbeidet med forlenging av tunnelen starta alt for tre år sidan, då entreprenøren Implenia sprengte ut 3 km tunnel for å levere steinmassar til bygging av ny E39 mellom Bjørset og Skei.

-Samvirket mellom dei to prosjekta har vore særs fruktbart, og det har nok spart samfunnet for både pengar og ulempe med store deponi, seier prosjektleiar Dale, som er Vegvesenet sin leiar på begge prosjekta.

Ein del av masseoverskotet frå dei 6,5 kilometrane med ny Kjøsnestunnel ligg altså allereie godt utnytta som fundament for ny E39 mellom Skei og Førde. Tunnelmassane som no blir køyrde ut frå fjellet blir mellom anna nytta til bygging av skogsveg, skredvoll og utfylling av ny rasteplass i Kjøsnesfjorden. Foreløpige berekningar viser at gjennomslag i begge endar vil skje mot slutten av 2020.

Skal koplast saman

Det mest utfordrande punktet i prosjektet er samankoplinga av ny og gamal tunnel. Når det arbeidet startar, vil det bli ein del heft for trafikkantane.

-Me får eit stort spenn i taket der gamal tunnel skal strossast ut. Det blir opp mot 27 meter breitt på det meste der dei to tunnelane skal koplast saman, og det må boltast mykje i hvelvinga der, seier byggjeleiar Sverre Kjos-Wenjum i Statens vegvesen.

Muleg nattestengingar etter 17. mai

Det blir vurdert om boltesikring og kanskje utstrossing i den trafikkerte tunnelen vil starte rett etter 17. mai. Då vil det bli nattestengingar med høve til gjennomkøyring midt på natta.

-Me vil kome nærmare tilbake med informasjon om når det blir strossing i Støylsnestunnelen når mai nærmar seg. Då veit me meir om framdrifta på anlegget, og i kva tidsrom det er best å få denne jobben gjort, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale.

Rv. 5 langs Kjøsnesfjorden er også ein særs viktig strekning for beredskap i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, då vegen er raskaste framkomst frå Indre Sogn til sykehuset i Førde.

-Me er difor alt no i dialog med naudetatane, for å sikre at beredskapen blir ivaretatt når me får arbeid i den trafikkerte tunnelen, seier Dale.

Rv. 5 Støylsnestunnelen blir bygd av Hæhre entreprenør som totalentreprise. Multiconsult er entreprenøren sin rådgjevar og prosjekteringsansvarlege, medan TrafTec skal gjere elektroarbeidet når den tid kjem.

Byggjeleiar Sverre Kjos-Wenjum (t.v.) og prosjektleiar Svein Reidar Dale foran nytt påhogg på Kjøsnes. Inne i fjellet er ca 3400 meter av den nye Kjøsnestunnelen sprengt ut. Foto: Ole Kristian Åset
Aktuelt for fylke(r): Vestland