Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

På grunn av sprengingsarbeid i Støylsnestunnelen og Fjærlandstunnelen, må Rv 5 nattestengast mellom Kjøsnes og Bøyabreen i perioden 2. november til 19. desember. Det blir stengt kvar natt frå måndag kveld kl. 23.00 til laurdag morgon kl. 05.30, med gjennomkøyring kl. 02.30 frå Kjøsnes og kl. 02.45 frå Fjærland.

I same periode kan vegen bli stengt i 1 time mellom klokka 20.00 og 23.00, og i 30 minutt mellom kl. 05.30-20.00.

Frå laurdag kl. 16.00 til måndag kl. 06.00 vil det vere fri ferdsel.

 - Støylsnestunnelen skal forlengast med ein 6,5 km lang ny tunneldel, og samla vil den nye tunnelen som får namnet Kjøsnestunnelen bli på om lag 8,5 km. Tunnelen vil rassikre vegstrekninga langs Kjøsnesfjorden, frå Lundebotn til Kjøsnes. Dette arbeidet er godt i gang, og ein skal no starte  sprengingsarbeidet som vil kople saman den nye tunneldelen med Støylsnestunnelen, seier byggjeleiar Sverre Kjos-Wenjum i Statens vegvesen.

Samankoplingspunktet er inne i fjellet i vestre del av Støylsnestunnelen, og det vil bli utført ved sprengingar frå Støylsnestunnelen. I dette området skal det sprengast ut mykje berg, og på det meste vil tunnelen her få ei breidde på om lag 27 meter. Etter sprenging og utlasting, må berget sikrast med sprøytebetong og boltar før det vert sett på trafikk.

- Dette er arbeid som ikkje kan gjerast medan trafikken går. Det vil derfor bli nattestengingar for å utføre dette arbeidet, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen.

 

Gjennomslag før jul

Hæhre Entreprenør jobbar jamt og trutt inne i fjellet, og med noverande framdrift på tunneldrivinga er det forventa gjennomslag i Støylsnestunnelen litt før jul og på Kjøsnes noko tidlegare. Deretter startar arbeidet med å leggje røyr, byggje opp vegbane, vass- og frostsikre tunnelen, montere elektroutstyr og klargjere tunnelen for trafikk.

Alt elektroutstyr i Støylsnestunnelen skal skiftast ut til same standard og type som anlegget i den nye tunneldelen. Det vil bli montert eit provisorisk anlegg i Støylsnestunnelen for å ivareta nødvendig sikkerutrustning for trafikken i anleggsperioden.

 

Arbeid i Fjærlandstunnelen

På Kjøsnes nærmar sprengingsarbeidet i den høge skjeringa seg slutten. Utover hausten vil det her bli noko arbeid med bygging av betongmurar. Etter nyttår startar arbeidet med bygging av betongportal framfor tunnelen, denne blir 130 m lang. Desse arbeida vil skje utan at trafikken blir hindra.

Hæhre Entreprenør har fått i oppdrag å sprenge ut snunisje for brøytebil i Fjærlandstunnelen. Dette arbeidet vil bli samordna med sprenginga i Støylsnestunnelen, og vil bli utført i perioden 2. november – 19. desember. Oppstillingsplassane for ventande trafikk blir difor på austsida av Fjærlandstunnelen på sogne-sida, og på Kjøsnes frå Skei-sida.

Den nye Kjøsnestunnelen vil stå ferdig og bli opna for trafikk hausten 2022.

Aktuelt for fylke(r): Vestland