Artikkelen er fra 2021, og innholdet kan være utdatert.

Arbeidet med ny kommunedelplan for rv. 5 Loftesnes – Kaupanger er i sluttfasen, og planforslag med konsekvensutgreiing (KU) og anbefalt tunnelalternativ er venta å gå ut på høyring før ferien.

Rett før påske vart arbeidet med konsekvensutgreiinga, samanstilling av alternativa og anbefalt alternativ sluttført. Prosjektet går no vidare med intern godkjenning, og produksjon av plandokument og plankart.

- Planforslaget vil truleg gå ut på høyring i juni, med mål om at Sogndal kommune kan vedta trasé for framtidig ny rv. 5 mellom Loftesnes og Kaupanger hausten 2021, seier planprosjektleiar Steinar Amundsen i Statens vegvesen.

Utarbeiding av kommunedelplanen vil gje ei oversikt over ulike alternativ og konsekvensane av desse. Planen vil gje eit grunnlag for val av trasé for ny rv. 5, og vil dermed avgrense kva areal som må vere bandlagt til ny veg. Strekninga er ikkje omtalt i ny Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2022-2033, og er med det ikkje aktuell for byggestart før tidlegast i 2034.

Aktuelt for fylke(r): Vestland