Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen og Sogndal kommune startar i haust planlegging av ny vegtrasé mellom Loftesnes og Kaupanger. Målet er å få planlagt ein betre og tryggare hovudveg. Samstundes vil Sogndal kommune få avklara kva areal som blir bandlagt til vegen.

På riksveg 5 frå Lærdal til Florø er strekninga Loftesnes-Kaupanger den med høgast årsdøgntrafikk utan etablerte tiltak mot møteulykker. Over 5000 bilar i døgnet nyttar strekninga i dag.

-Ei oppgradering av vegstandarden vil gje høgare trafikktryggleik og betre framkome. Ny veg vil også gje tettare band mellom Sogndal og Kaupanger lokalt, og verke positivt på næringsutvikling og arbeidsmarknad, seier planleggingsleiar Ingar Hals i Statens vegvesen.

Vil gje avklaring

Strekninga har vore spelt inn til Nasjonal Transportplan (NTP) i inneverande og komande periode, men har ikkje vorte teken med. Planarbeidet er satt i gang etter ønskje frå Sogndal kommune. Både på Hagalandet og på Kaupanger ønskjer dei avklaring av framtidig rv. 5-trasé for at så lite areal som mogleg skal vere bandlagt.

Eksisterande veg mellom Loftesnes og Kaupanger har utfordringar med stigning, kurvatur, kryssområder og farleg sideterreng. Hastigheita på store delar av vegen er difor sett ned til 70 km/t. Planarbeidet vil gje ein oversikt på kva alternativ som er aktuelle på strekninga, og verknadane av desse.

Aktuelle område

-Me har førebels sett på tre område nede ved Loftesnesbrui og på Hagalandet der ein tunnel kan gå inn, og me har sett oss ut tre område mellom Valeberg og Vestreim der me kan kome ut med tunnel. Det er viktig å merke seg at dette er dei første skissene. Alternativ kan bli uaktuelle, og nye kan kome til, seier planleggingsleiar Ingar Hals.

Det er også skissert eit alternativ der riksvegen blir lagt bak industriområdet på Kaupanger, så i ein kort tunnel gjennom fjellet, før ein kjem innpå den eksisterande Mannhellervegen.

Arbeidet med planane vil starte med grunnboring og seismikkundersøkingar i slutten av november. Aktuelle grunneigarar vil bli varsla om dette arbeidet før oppstart. Grunnundersøkingane vil gje svar på kva område som eignar seg for tunnelinnslag og massefylling, og ut frå dette kan nokre alternativ bli kutta ut eller justert.

Planprogram ut

Det skal utarbeidast kommunedelplan for strekninga. Formell oppstart av planarbeidet vil bli i månadsskiftet november/desember, då vil me leggje eit utkast til planprogram ut på høyring. I samråd med Sogndal kommune vil me i høyringsperioden lage eit opplegg for at busette og næringsliv kan gje innspel på aktuelle alternativ og løysingar.

Når planprogrammet skal vedtakast i februar, vil det bli avklart kva alternativ som skal vere med vidare i planarbeidet. Sjølve kommunedelplanen vil bli sendt på høyring hausten 2019, og vil bli vedteken av Sogndal kommune vinteren 2020. Områda ved det vedtekne alternativet vil då vere bandlagt fram mot bygging av vegen. Ut frå gjeldande NTP vil dette vere tidlegast i 2030.

Aktuelt for fylke(r): Vestland