Prioritering av haldeplassar for utbetring er foretatt etter tal på brukarar av den enkelte haldeplassen i samarbeid med Agder kollektivtrafikk (AKT). Entreprenør er kontrahert og byggearbeida starta i september 2022.

Målet med prosjektet er å utbetre haldeplassar langs rv. 9 til universell standard. Tilstanden på den enkelte haldeplassen er registrert saman med talet på av- og påstigande. Ut frå dette blir det utarbeidd ei prioritering for oppgradering. Utbedringstiltaka vil kunne omfatte utbetring/oppgradering av eksisterade plattform til universell utforming, utviding av eksisterande og etablering av nye busslommer og dessutan oppsetting av nye leskur.

I prosjektet skal det og bli utført trafikktryggleikstiltak ved Eilekand skule (Hægeland) i Vennesla kommune. Trafikktryggleikstiltaka omfattar etablering av fartshump på rv. 9, utviding av skulder, utbetring/flytting av haldeplassar og heving av gang- og sykkelveg.

Veg og busskur.
Riksveg 9 Setesdal. Foto: Statens vegvesen

Vei:
Rv. 9
Fase:
Byggefase
Kommuner:
Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Vennesla, Kristiansand
Fylker:
Agder
Finansiering:
Stat
Nasjonal transportplan:
Ikke omtalt
Totalkostnad:
9,4 mill. kr i 2022
Oppstart:
September 2023
Antatt åpnet:
November 2023

Det er på strekninga mellom Mosby og Hovden at haldeplassar skal utbetrast. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Prosjektkontor

Besøksadresse:

Setesdal trafikkstasjon, Bjoråvegen 3, EVJE

Kontakter

Torgeir Hodne

Byggeleiar
Telefon:
90 63 95 70
E-post:

Sigurd Wiberg

Prosjektleiar
Telefon:
95 24 29 30
E-post:
Sist oppdatert: