Tre leverandørar har meldt interesse på kontrakt om lokale støytiltak på bustader langs nytt Sotrasamband.

Leverandørane som ha meldt interesse er

  •  Åsane Byggmesterforretning AS
  • Bergan bygg AS
  •  TH BHAS BYGG

Kontrakten er utforma som ei fireårig rammeavtale med opsjon på forlenging. Etter gjennomført prekvalifisering vil inntil tre leverandørar kunne tildelast kontrakt. Dei vil deretter konkurrere på oppdrag gjennom eigne avrop innanfor rammeavtala.

Signering i april 2021

Byggeleiar i Statens vegvesen Birger Ræmisch Matthiessen er godt nøgd med interessa i marknaden.


- No startar arbeidet med prekvalifiseringsprosessen. Vi skal evaluere leverandørane som har meldt seg på, og kvalifiserte leverandørar vil bli invitert til å levere tilbod i februar, med etterfølgjande forhandlingar.


Matthiessen satsar på kontraktsignering til våren, og at arbeidet kjem i gong raskast mogleg.


- Planen vår er å tildele kontrakten i løpet av april 2021, og dei første arbeida kan setje i gang i løpet av sommaren. Kontraktsmodellen som er valt gjer arbeidet føreseieleg for Statens vegvesen i gjennomføringa. Samstundes er vi sikra konkurranse på kvalitet og pris gjennom avrop på rammeavtala.

Om støytiltaka

Det skal gjerast støytiltak på i underkant av 300 bustader på strekninga frå Loddefjord i Bergen vest til Kolltveit i Øygarden. Bustadene som har fått innvilga støytiltak ligg langs traseen til ny riksveg 555.


Arbeidet med støytiltak vert starta opp før signering av OPS-kontrakten for nytt Sotrasamband. Det er mange bustader som skal ha støytiltak og arbeidet vil difor òg gå parallelt med gjennomføringa av OPS-kontrakten, som etter planen har oppstart hausten 2021.


KONTAKTPERSON:

Birger Ræmisch Matthiessen
Byggeleiar i Statens vegvesen
Mobil: 468 69 971
E-post:

Aktuelt for fylke(r): Vestland