Statens vegvesen inviterer til digitalt informasjonsmøte 8. desember kl. 18.00 for å orientere om framdrifta på rv. 555 Sotrasambandet.

Av omsyn smittevern inviterer vi til digitalt informasjonsmøte for å orientere om prosjektet, arbeidet som no er i gang og prosessen rundt val av OPS-selskap. Møtet blir overført live via youtube.

Målgruppa for møtet er alle som har interesse for det nye vegsystemet. 


Det vil også vere høve til å stille spørsmål til prosjektleiinga. Vi gjer merksam på at vi ikkje kan svare på spørsmål knytt til privatpersonar og privat eigedom i møtet.

Om nytt Sotrasamband

Det nye vegsystemet vil en få ny firefelts motorveg, egne felt for kollektivtrafikk, samt gang- og sykkelveg. Når dette vert samla i ein stor kontrakt, blir kontrakten for Sotrasambandet den største i anleggskontrakten så langt i Noreg. Kontrakten vert etter planen signert sommaren 2021 med byggestart hausten 2021.

Send inn spørsmål

Spørsmål kan stillast til prosjektet i kommentarfeltet på youtube under sendinga (krev at du loggar inn på youtube) eller sendast i forkant og/eller etterkant til:

Praktisk informasjon:

Opptak av sendinga og presentasjonen som blei vist vil bli lagt ut på prosjektets heimesider etter møtet.

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland