Sotrasambandet overleverte fredag 9. april 2021 føringsveg for høgspentanlegget mellom Breivik og Litlesotra til Statnett. Om kort tid vil straumen, som i dag går i høgspentlinja mellom Breivik og Litlesotra, bli fjerna.

Med dette er ein viktig milepåle passert for nytt Sotrasamband. Ny Sotrabru over Vatlestraumen skal gå i det som er dagens trase for høgspentlinja mellom Breivik og Litlesotra. Som førebuing til bygging av ny Sotrabru har Statens vegvesen saman med BKK Nett lagt nye høgspentkablar som skal erstatte høgspentlinja. Kablane er lagt i tunnelar på begge sider av brua, og kryssar fjorden på fagverket under Sotrabrua.

Prosjektleiar for Sotrasambandet Arve Tjønn Rinde er glad for at kraftlinja blir «ute av vegen».

Arve Tjønn Rinde
Prosjektleiar
- Dette er ein viktig milestolpe for nytt Sotrasamband. Statens vegvesen har arbeida i snart tre år med bygging av to kabeltunnelar, sjakter og kabelgater på Sotrabrua. BKK Nett har saman med sine leverandørar installert kablane og stått for kopling opp mot eksisterande anlegg i Breivik og på Litlesotra. Når arbeidet nå med føringsvegen har blitt overlevert til Statnett har prosjektet tatt et solid steg vidare mot bygging av nytt Sotrasamband.

Med dette nye anlegget på plass har en fått en god erstatning og oppgradering av høgspentlinja i en svært viktig forbindelse i overføringsnettet til Statnett og BKK Nett.

Høgspentkablar i tunnel og på fagverket på brua

Føringsvegen går i både tunellar og bru. Totalt utgjer dette ei strekning på til saman over 4,5 km ny føringsveg.

Arbeidet var delt i to kontraktar, der Arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad og Metrostav var utførande på tunnelane, og HMR Voss AS gjorde arbeidet på Sotrabrua. Tunneldrivinga starta på seinsommaren 2018, og var ferdig tidleg i 2020. Deretter har tunnelen blitt innreia med kabelbruer og sjølve kablane har blitt trekt inn i regi av BKK Nett og deira leverandør LS Cable frå Sør-Korea og BKK Enotek som har utført installasjonen. Totalt har denne høgspent omlegginga ei total kontraktsramme på om lag 540 millionar kroner.

Digital overlevering

Signeringa av overleveringsprotokollen føregjekk digitalt. Prosjektleiar på Sotrasambandet Arve Tjønn Rinde og Tore Langeland i Statnett sette kvar sin signatur på det digitale dokumentet etter at protokollen var gjennomgått med ei rekke representantar frå Statens vegvesen, Statnett og BKK Nett.

Digital overlevering høgspentanlegg mellom Breivik og Litlesotra
Digital overlevering høgspentanlegg mellom Breivik og Litlesotra på Teams.

Nokre av dei nye kablane er allereie satt i drift medan de resterande vil bli satt i drift frå mai månad av etter planen. BKK Nett gjer seg no klar til å rive høgspentlinja langs traséen.

Over 80 meter høg mast

No startar arbeidet med å rive de ni høgspentmastene. Den største masta er over 80 meter høg og må sprengast på midten. Dette arbeidet blir spektakulært, krev en god del planlegging og detaljert avklaring før sjølve rivingsarbeidet startar i mai og skal etter plan være ferdig i juni 2021.

Tunneldrivar på stuff i kabeltunnel for høgspentkablar i Breivik.
Tunnelarbeidar på stuffen i kabeltunnelen i Breivik. Føringsvegen går i både tunnelar og bru. Totalt utgjer ei strekning på til saman over 4,5 km ny føringsveg for høgspentkablar.
Aktuelt for fylke(r): Vestland