Målsettinga er å:

  • legge til rette for ny vintersikker heilårsveg mellom Voss og Vik i Sogn slik at dei funksjonane vegen i dag har som nord–sør samband på Vestlandet, og som aust–vest samband for delar av distriktet kan styrkjast.
  • betre trafikktryggleiken mellom anna ved å unngå rasfarlege parti langs eksisterande veg
  • legge til rette for enklare samarbeid mellom Voss og Vik kommune
  • gjere det enklare for kollektivruter på strekninga

Massedeponi

Det er gjort reguleringsendring for massedeponi i plan rv. 13 Bøadalen–Tistel. Formålet er å kunne lagre massar frå Goteviktunnelen innanfor same området som er regulert til deponi i Bøadalen i samband med Vikafjellstunnelen. Kålsetvegen må utbetrast slik at den toler transporten av tunnelstein frå Goteviktunnelen til massedeponiet i Bøadalen.