I 2013 gjennomførte Metier og Møreforskning Molde ei ekstern kvalitetssikring av konseptval (KS1) av konseptvalutredning (KVU) for rv. 15 Strynefjellet. Oppdraget var gjennomført etter bestilling frå Finansdepartementet og Samferdselsdepartementet, og kvalitetssikringsoppdraget vart gjennomført i perioden april til desember 2012.

Tilleggsutgreiing datert 30. mars 2014

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Statens vegvesen laga «Planutgreiing for tilrådd trasé over Strynefjellet» i Stryn og Sjåk kommunar. Planutgreiinga er ei tilleggsutgreiing til «KVU rv. 15 Strynefjellet» datert 22.3.2012.

Formålet med tilleggsutgreiinga er å gjennomføre meir detaljerte undersøkingar enn det som vart gjennomført i KVU’en med sikte på å kome fram til ein tilrådd trasé frå Folven til Lægervatn. Den tilrådde traséen skal både løyse problema med fokk og ras, med dagens utilstrekkelege tunnelstandard og framkomstproblem for tungtrafikken på stigninga frå Skåre til Ospelitunnelen.

Målet med utgreiinga er såleis å kome med tilråding til ei langsiktig løysing for rv. 15 over Strynefjellet.
Denne rapporten omfattar framlegg til løysingar med kostnadsoverslag og tilråding. Den må lesast som eit tillegg til den tidlegare utarbeidde KVU’en, innkomne høyringsforslag samt KS1-rapporten frå Metier/Møreforskning. I den grad det er nye opplysningar eller tilleggsopplysningar om ulike tema som vi meiner har betydning for val av alternativ, er dei tekne inn i rapporten. Forøvrig er det synt til KVU’en der temaet er behandla.

Revidert tilleggsutgreiing

14. juli 2015 bestilte Samferselsdepartementet ei revidert utgåve av tilleggsutgreiing for KVU rv. 15 Strynefjell. Departementet ber om ei vurdering av alle identifiserte relevante alternativ innafor konsept B.
Tilleggsutgreiinga skal også sjå på eventuelle løysingar som legg til rette for eventuell framtidig heilårsveg til Geiranger. Det vert samtidig forutsett at ein eventuell heilårsveg til Geiranger vil vere eit fylkeskommunalt prosjekt.
Det skal lagast oppdaterte kostnadsanslag i tilleggsutgreiinga og gjerast ein samfunnsøkonomisk analyse av dei ulike alternativa. Analysen må utførast slik at den er direkte samanliknbar for alle alternativ som inngår.
Etaten skal i tilleggsutgreiinga gje si tilråding om val av alternativ, og tilleggsutgreiinga vil bli underlagt ekstern kvalitetssikring så snart den er ferdigstilt.

Nærmar seg

Statens vegvesen er no i full gang med dette arbeidet og er så langt ferdige med ny trafikkprognose både for rv. 15 og for fv 63 heilårsveg til Geiranger. Vi er også ferdige med arbeid i felt og jobbar no med å oppsummere dei ulike delutgreiingane innan geolog, veglinjer, nytt kostnadsoverslag og ulike andre deltema. Revidert tilleggsutgreiing er planlagt å vere ferdig frå Statens vegvesen si side innan mars 2016.