- Våren 2012 sende vi “Konseptvalutgreiing (KVU) rv. 15 Strynefjellet” på høyring med høyringsfrist 20. juni 2012. Etterpå har det vore arbeidd med tilleggsutgreiing og revidert tilleggsutgreiing. Den siste vart levert no i august 2016, seier prosjektleiar Nils Magne Slinde.

Samferdselsdepartementet vil gjennomføre KS1 (ekstern kvalitetssikring) på denne reviderte tilleggsutgreiinga. KS1 skal gjennomførast for prosjekt med statleg investeringsramme over 750 mill. kr. I samband med dette er det også ynskjeleg med ny høyring.

Vedlagt til nedlasting er informasjonsskriv med utdjupande forklaring av dei forkasta alternativa i den reviderte tilleggsutgreiinga.

Merknadsfrist

Høyringsuttaler må sendast skriftleg innan 23. desember 2016 til:

Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger, eller
e-post firmapost-vest@vegvesen.no 

Merk uttalen med “KVU rv. 15 Strynefjellet”