Rv. 617 Måløy-Raudeberg er ein viktig veg i Vågsøy med relativt stor trafikk. Arbeidet med å utbetre og rassikre den 3,7 km lange strekninga mellom Gottebergshammeren i Måløy og Kapellneset på Raudeberg, tok to år. Arbeidet starta 6. oktober i 2005 og opna 19. oktober 2007.

Prosjektet omfatta den 680 meter lange Skåratunnelen, 2.670 meter gang- og sykkelveg og 400 meter fortau, i tillegg til utbetring av veg i dagen.