Gjennomføringa av rv. 13 Ryfast-prosjektet medfører uttak av store mengder masse. Statens vegvesen ynskjer å nytte desse massane til samfunnsnyttige føremål.

Mesteparten av massane frå Hundvåg og Buøy vert transporterte til ei sjøfylling på vest-sida av Buøy. Her vil massane verte nytta til å etablere eit nytt næringsareal. På Solbakk går massen til ei sjøfylling like utanfor tunnelen. Dette arealet vil disponerast av prosjektet til vegbygging og etablering av ein ny kollektivterminal med parkeringsplassar. Noko av massane vil òg verte nytta til utfylling av nye næringsareal på Jørpeland og Tau.

Det er inngått ei avtale med Stavanger kommune om frakt av tunnelmasser til eit utfyllingsområde i Jåttåvågen. Her skal dei nyttast som utfyllingsmasse for eit nytt areal. Massane vil òg verte til nytta utfylling av nytt bustad- og næringsareal i Lervik.