Faguttrykk Forklaring
BoltStålstong av forskjellig kvalitet og lengde som nyttast til å sikre og stabilisere fjell.
HengTaket i tunnelen.
InjeksjonTetting av naturlege sprekker i fjellet for å hindre inntrenging av vatn. Vert vanlegvis utført med å pumpe tynn sementblanding inn i borehol.
OverdekkingAvstand frå tunnelheng til terrengoverflata anten i form av fjell eller lausmassar.
PoretrykkGrunnvasstrykket i bergmassar eller lausmassar.
ReinskFjerning av laus stein frå vegger og heng etter salve.
SalveSprenging av et visst volum fjell i tunnel, vanlegvis om lag fem meter.
SetningsmålingarNøyaktig måling av eventuell nedsøkking på bygningar før, under og etter at tunnelen er bygd. Større rørsler kan skade bygningar.
SikringArbeid for å stabilisere fjell, det vil si hindre nedfall av stein og blokk, der dette er nødvendig.
SprøytebetongBetong som sprøytast på veggar og heng for å stabilisere fjellet.
StrossUtviding av tverrsnitt.
StuffEndeveggen i tunnelen - så langt som tunnelen er komen.
Såle, liggGolvet i tunnelen.
TverrsnittStorleiken på tunnelen.
VederlagOvergang mellom vegg og tak (heng) i tunnelen.