Tunnelane er i samsvar med EU si forskrift om tunneltryggleik. Solbakktunnelen får ein høgare standard enn trafikkmengda tilseier. Klasse E er valt, mellom anna på grunn av tunnellengda.

I tunnelen blir det rømming via tverrforbindelsar mellom tunnelløpa. Avstanden mellom desse er maksimalt 250 meter.

I over tre kilometer lange tunnelar, i til dømes klasse E, blir det montert videoovervaking med automatisk registrering av hendingar. Dette utstyret gir Vegtrafikksentralane informasjon om hendingar i vegtunnelane.

.