Tunnelarbeid og vegbygging er støyande. Boring, sprenging, gravearbeid og transport av massar og anna anleggsarbeid høyres godt av bebuarar i nærområdet.

Entreprenørane kan arbeide heile døgnet alle dagar i veka. Dei har sjølv ansvar for å halde seg til gjeldande regelverk. Statens vegvesen som byggherre følgjer opp dette. Statens vegvesen legg til grunn T-1442/2012 retningslinjer for støy i arealplanlegging for arbeida entreprenørane kan gjere til ulike tider på døgnet. Berekninga av støy og eventuell støyskjerming av anleggsdrifta skjer i samsvar med T-1442/2012 retningslinjer for støy i arealplanlegging.