30. desember i år åpner verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel for trafikk og gir fast vegsamband mellom Strand i Ryfylke og Stavanger på Nord-Jæren.

Dei to andre tunnelane i Ryfast-prosjektet, Hundvåg- og Eiganestunnelen, opnar i februar i 2020, og den offisielle opninga av Ryfast blir markert når alle tre tunnelane er opna.

- Vi har gjennom heile anleggsperioden, sidan den fyrste salven gjekk av i slutten av 2012, hatt som mål å bli ferdige innan utgangen av 2019. Den målsetjinga klarer vi, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord.

Etter planen skulle alle dei tre tunnelane opnast samtidig, men det gjenstår litt sikkerhetstesting i Eiganes- og Hundvågtunnelen.

- Vi treng litt meir tid før vi også set trafikk på dei siste to tunnelane. Det skuldast at det der har vore litt meir behov for testing og ikkje minst øvingar for nødetatane, forklarer Eiterjord.

- Fram til Hundvågtunnelen opnar, må trafikken følgje dagens vegnett over Hundvåg og gjennom sentrum, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord.


Vedlagte bilder er til fri benyttelse. Foto: Øyvind Ellingsen/Statens vegvesen
Bildet lyskunstner Viel Bjerkeset Andersen, som er ansvarlig for lysinstallasjonene i Ryfylketunnelen og prosjektleder Gunnar Eiterjord i fjellhallen.
Dronebildet viser den nye terminalen på Solbakk.