Vegen blir stengt frå fredag klokka 18:00 til måndag 3. april klokka 06:00.

- Vi river sykkel- og gangbrua, som går mellom Vålandskogen og Mosvatnet, denne helga. Det er mogeleg å gå eller sykle til og frå Mosvatnet på sykkel- og gangstien over miljøkulverten, seier delprosjektleiar Dag Daland i Statens vegvesen.

Rivinga av brua er støyande arbeid.
- Entreprenøren skal bruke meisling og betongsaks, og vi beklager at dette kan føre til støy for dei nærmaste naboane, seier Daland.

Siste avkøyring nordover blir avkøyringsrampen til sjukehuset og Ullandhaugveien. Påkøyringsrampen frå Ullandhaugveien sørover blir open under arbeidet med å rive brua.

Omkøyringsvegane er skilta.

Kontaktperson i Statens vegvesen:

Dag Daland, mobil: 909 79 789