Omkøyring til Stavanger sentrum vil skje via Tjensvollkrysset. Da Ullandhaugveien allereie er del av E39, vil det det ikkje bli skilta om utover trafikken opp til Ullandhaugveien.

– Vi skal heise på plass betongelementa til miljøkulverten og med omsyn til trafikktryggleiken ser vi oss nøydde til å stenge nordgåande felt, seier prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord.

Det er store dimensjonar på dei 138 betongelementa. Dei er 29 meter lange, og blir frakta med spesialtransport frå Sandnes hamn. Det er betongbedrifta Bjørn Hansen AS i Forsand som har produsert betongelementa.

– Vi er glade for at ei lokal bedrift vant anbodet, og det viser at Ryfast også gir kontraktar utanom dei store til entreprenørene, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord.

Går alt etter planen vil stenginga vare ut veke 19.