- Vi er godt fornøgd med at vi har fått mange aktørar til å samarbeide om eit stort og komplisert prosjekt, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord.

Ryfylketunnelen blir med sine 14,5 kilometer og 292 meter under havet den lengste og djupaste undersjøiske vegtunnelen i verda. Fram til no har den 9,5 kilometer lange Tokyo Aqua tunnelen under Tokyo-bukta i Japan vore den lengste, og Eiksundsambandet med sine 287 meter under havet vore den djupaste.

Døgnope vegsamband

AF Anlegg har kontrakten frå Stavanger-sida, med cirka 6,9 kilometer medan sveitsiske Marti IAV driv om lag 7,4 kilometer frå Solbakk i Ryfylke. Torsdag for eit par veker sidan trefte det eine løpet med ein margin på berre 2 centimeter i breidda og ingenting i høgda.

– Ryfylketunnelen vil med eit døgnope vegsamband gi store gevinstar for næringsliv og andre trafikantar. Reisetida mellom Ryfylke og Nord-Jæren blir redusert med cirka 30 minutt og ein er ikkje lenger avhengig av ferjesamband med tidvise avgrensingar i kapasitet, fortel Eiterjord.

Ryfylke vil no inngå i bustad- og arbeidsmarknaden på Nord-Jæren, og tilsvarande får Nord-Jæren lettare tilgang til dei flotte natur- og reiselivsmoglegheitene Ryfylke kan tilby.

53 kilometer tunnel

– Prosjektgjennomføringa har gått bra. Tunneldrivinga starta opp våren 2013 og det har allereie vore gjennomslag i Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen på E39. Desse to tunnelane blir bygd saman med Ryfast-prosjektet. Totalt blir det bygd om lag 53 kilometer med tunnel når vi reknar med doble tunnelløp og rampar, seier prosjektleiaren.

Ryfast blei vedteke i Stortinget sommaren 2012. Oppstart av førebuande arbeid i slutten av 2012. Prosjektet er planlagt ferdigstilt i slutten av 2019. Dei tre tunnelane blir bygde alle med to løp. Kostnadsramma er på 10,5 milliardar kroner.

900 arbeidarar

– Totalt for alle kontraktane har det på det meste vore cirka 900 arbeidarar involverte, og det er lagt ned nær 5 millionar arbeidstimar. Prosjektet hadde lenge ein god HMS-statistikk, men vi opplevde dessverre ei tragisk dødsulukke i mai i år. Ein svensk arbeider mista livet då ein skuff losna frå ei gravemaskin og fall ned, seier Eiterjord.

Etterarbeida i tunnelen samt elektroarbeidar er allereie godt i gong og målsetjinga er trafikkopning i slutten av 2019.