Det er store tal i Ryfast, verdas lengste og djupaste vegtunnel, også når det gjeld testing av elektro- installasjonane. 23.000 signal skal testast, og alle potensielle hendingar blir sjekka ut.

Men ein sundag for nokre veker sidan forstod kontrollørane ingenting. For alarmen på hendingsdetektorane gjekk 48 gonger, utan at ein fann ei logisk forklaring. Heilt til dei gjekk gjennom videoopptaka. Ein katt hadde teke seg inn i tunnelen frå Solbakk i Ryfylke. Katten fann vegen ut sjølv, og testinga går no utan innblanding frå dyr eller andre ytre påverknader.

Det er elektroentreprenøren Roxel som gjennomfører testinga, før vegvesenet overtek tunnelen i oktober. Underentreprenør Trafsys er også med i arbeidet, og mykje av testinga skjer frå Bergen.

Trafikk, brann og stengjeplanar

- Elektroentreprenøren er i sluttfasen av eigentestinga på dei elektriske anlegga. Det som blir testa er mellom anna kommandoar, alarmar frå alle enkeltobjekt som naudstyreskap, radarar, kamera, skilt, ventilatorar og følarar, fortel byggeleiar for elektro på Ryfast, Lars Martin Rage. 

Det er mange scenario som skal testast før tunnelen kan opne:

- Test av alle trafikkplanar, brannplanar og stengjeplanar. Ved hending i tunnel der trafikkbiletet avvik frå normalsituasjon eller under vedlikehald vil vegtrafikksentralen kunne dirigere trafikk ved bruk av feltstenging, sonestenging, stenging av tunnel, forklarer byggeleiaren.

Tunnelen er bygd for tovegstrafikk

Dette påverkar skiltinga i dagsonene. For å forklare trafikantane at dei kan få møtande trafikk, må skilta vere fullgrafiske for å kunne endre skiltbilete.

Dette skal testast:

  • Test av arbeidsvarsling, som ved vedlikehald kan varslast i delar av tunnele
  • Test av automatisk kø-deteksjon, der farten setes ned og varsling gis trafikantar
  • Test av to-vegtrafikk i eitt løp i Ryfylketunnelen
  • Stabilitetstest, der anlegget må stå stabilt utan feilalarmar over ein tidsperiode 
  • Test av pumpestyring for å pumpe vatn ut av tunnelen

Når elektroentreprenøren er ferdig, overtek vegvesenet.

- Vi skal gjennomføre ein fullskalatest for å sikre at objekta og all tryggingsutrusting fungerer som det skal. Vi skal vere heile trygge på at alt som er installert verkar som planlagt. Ryfylketunnelen blir ein av dei tryggaste undersjøiske vegtunnelane i verda, meiner Rage.

I november skal det gjennomførast øvingar med naudetatane. Deretter startar den formelle tryggleiksgodkjenninga, og går den som planlagt, blir det opning i slutten av desember.

Fakta om tryggingsutstyret:

  • 23.000 signal og 4700 objekt skal testast
  • 8000 kablar med unike nummer 
  • 11 tekniske bygg, 5 pumpebasseng for drensvatn (15 pumper, 3 stk. pr pumpebasseng, (utpumping med 30 l/s))
  • 2 minipumpestasjonar og 1 sedimenteringsbasseng for vaskevatn
  • 318 kamera, 104 radarar (52 stk. i kvart løp). Deteksjon av køyretøy i motsett køyreretning, stopp av køyretøy, gåande, objekt i vegbane 
  • 29 kilometer optisk fiber for branndeteksjon
  • 236 Nødstasjonar med to brannslokkarar og ein naudtelefon, 94 Impulsventilatorar (45kW kvar)
  • Fullgrafiske skilt: 12 variable vegvisningskilt, 266 forbodsskilt (fartsgrenseskilt) og 1008 køyrefeltsignal