Målet til studentane er å bli dataingeniørar, og for å nå målet gjer dei noko så uvanleg som å utvikle ein app som skal hjelpe menneske som opplever ein nødsituasjon i tunnel.

– Den skal hjelpe brukarane ut av tunnelen i ein nødsituasjon. Brukarane vil bli informerte om kvar i tunnelen dei oppheld seg, og kva ein skal gjere for å kome seg i tryggleik, fortel Endre Helland. Kameraten frå Universitet i Stavanger fortel at målet er at oppfinninga ikkje skal vere avhengig av nettverk.

– Det blir montert opp sendarar på eigna stader, som fungerer som mellombelse GPS-sendarar. Då er ein ikkje avhengig av nettverk eller andre signal, fortel Thomas.

Dette er ein ny teknologi, som er både straumnett- og batteridrive, og som skal tole mykje varme i tilfelle brann. Den er utvikla i Tyskland, og studentane har fått kjøpt inn nokre få eksemplar.

I vår var dei med ned i Hundvågtunnelen i Stavanger, som er under bygging i samband med Ryfast, for å teste ut systemet. Sendarane blei under testen sett opp med 50 meter mellomrom, men ein ny generasjon sendarar er under utvikling, og då kan avstanden mellom sendarane bli lengre.

– Vi har dialog med Statens vegvesen og nødetatane for å få innspel på kva appen bør innehalde. Den skal hjelpe til auka trafikktryggleik og gjere bilistar tryggare i å køyre i tunnelar, seier Endre.

Dei to studiekameratane har planar om at appen skal få talefunksjon, men er usikre på om dei får gjort alt ferdig.

– Vi må avslutte oppgåva i slutten av mai, og derfor får vi ikkje gjort alt ferdig, men det er jo eit godt utgangspunkt som andre kan overta, seier Endre, og kameraten skyt inn: – Vi kan jo ta masteroppgåve.

Prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord er spent på om tryggheits-appen blir ein realitet.

– Frå prosjektet si side synest vi det er spennande og bra at nye hjelpemiddel blir tekne i bruk for å betre trafikktryggleiken og få trafikantane til å kjenne seg trygge i tunnelane vi byggjer. Det blir spennande å sjå kva sluttresultatet her blir.