Årsaka til omlegginga er at Statens vegvesen bygger den 300 meter lange betongportalen som skal binde saman Eiganestunnelen og E39.

Betongportal under E39

– Det eine løpet frå Tasta har hatt gjennomslag i Svithunparken, og om nokre veker er det andre løpet gjennom. Vi startar no arbeidet med å støype betongportalen som skal ligge under den noverande rundkøyringa, og då treng vi å frigjere eit større areal, seier prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord.

Den nye rundkøyringa vil vere i bruk til 2018.

Smalare køyrefelt

– Vi ber bilistane å ta omsyn til at køyrefelta på Madlaveien inn mot den mellombelse rundkøyringa blir litt smalare. Det er derfor også viktig at trafikantane held fartsgrensa, seier Eiterjord.

16-1570 MadlaveienIllustrasjon: Statens vegvesen