Det var prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord, som fekk idéen om å arrangere eit halvmaraton gjennom Hundvåg- og Ryfylketunnelen. Den superaktive springe- og skientusiasten hadde nok neppe sett for seg den ekstreme interessa for å få lov å springe 21 kilometer gjennom to tunnelar.

Også SVV-tilsette tente på idéen.

Tek løpet for å kome i form

- Eg gler meg, men har aldri sprunge så langt før. Forma er relativt god, men eg må nok trene meg opp til oktober, seier kontrollingeniør Knut Hausken. Han er ein av dei over 20 tilsette i region vest som er påmeldt til det noko spesielle løpet.

- Dette blir min fyrste halvmaraton. Min idrettsbakgrunn er frå fotball, men eg slutta når eg var juniorspelar. Eg har litt igjen før eg er i den forma som trengst for å fullføre eit halvmaraton, og derfor trenar eg minst ein gong i veka med å springe opp eit fjell på heimstaden Rennesøy, fortel kontrollingeniøren.

Han er ikkje redd for å springe seg vill.

- Eg har vore med å byggje tunnelen, og skal kunne springe gjennom med bind for auga, seier han og ler.

Prosjektleiar Gunnar Eiterjord er overraska at det gjekk så fort å fylle opp 5000 plassar. 

- Det er fantastisk bra med 5000 påmeldte, og det må vere eit av dei største mosjonsløpa i landet. No har vi bestemt at vi opnar for 2500 fleire. I farten trur eg berre det er Oslo og Bergen maraton som er større, seier Eiterjord.

Grete Waitz-løpet i Oslo var eit av dei største mosjonsløp i verda og samla heile 40.000 deltakarar på det meste. Men i dag er det ikkje mange løp i Norge som kan vise til over 4000 påmeldte.

Internasjonal oppsikt

Om ni månader opnar Statens vegvesen tunnelane for folk med joggesko. Det vil seie eit par månader før tunnelane opnar for bilar. For å delta må ein vere født i 2004 eller før, det vil seie minst 15 år gammal.

Løpet har også fått internasjonal merksemd, og det er også påmeldte frå andre land. Eiterjord har sjølv planar om å delta og er ein av dei få som har moglegheita til å trene i tunnelane på førehand.

- Det kan hende at eg tek meg ein liten tur, men det er nok ikkje der eg kjem til å trene til løpet. Det skal vere likt for alle, ler Eiterjord.

Han forventar ikkje dei beste tidene på grunn av motbakkane i tunnelane. Men sjølv om det ikkje blir rekordtider på halvmaraton, blir det uansett eit historisk løp, som det fyrste og einaste i sitt slag.

Folkefest på Strandalandet

- Det blir folkefest i målområdet, og inntektene går til idrettslaga som er med på å arrangere løpet, seier Eiterjord.

Staal Jørpeland og Midtbygden IL er hovudarrangørar av løpet, mens Statens vegvesen, Skjalg IL og Stavanger skiklubb er medarrangørar.  I tillegg til halvmaraton blir det også eigne barneløp på rundt 1 kilometer både i Stavanger og i Strand. Det blir også motbakkerenn på rulleski for barn (1 kilometer) og eit renn for dei vaksne på 4,5 kilometer med start på det djupaste punktet i Ryfylkestunnnelen 292 meter under havoverflata.