Ryfast består av Eiganestunnelen, Hundvågtunnelen og Ryfylketunnelen. Totalt skal det sprengast 52.810 meter tunnel. I tillegg skal det byggjast fleire kilometer med ny veg i dagen, og mykje av dette blir bygt i sentrumsnære område. Som eit eksempel har E39, Stavangers mest trafikkerte veg, fått nye køyremønster 9 gonger, og fleire skal det bli. Men statistikken fortel at talet på trafikkulukker har gått ned i byggjeperioden.

Utfordrande HMS-arbeid

– Det er ikkje å leggje skjul på at det har vore ressurskrevjande å byggje eit så stort prosjekt midt i ein av landets største byar, men eg er imponert av at vi så langt har gjennomført mykje godt arbeid utan store problem, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord. Han er spesielt stolt av det til no har gått med nær 2 millionar arbeidstimar utan store personskadar.

– På eit så stort prosjekt, med 8–900 personar i arbeid samtidig over fleire år, er det ikkje til å unngå at det skjer uhell, men så langt er alle arbeidarane tilbake i arbeid, fortel prosjektleiaren, som ikkje legg skjul på at HMS-arbeidet tidvis har vore utfordrande.

– Fleire av dei tilsette, spesielt hos underentreprenørane, kjem frå land med ein annan HMS-kultur enn vi har, og vi har brukt mykje ressursar på opplæring og kontrollar, fortel han.

Fire gjennomslag igjen

Av totalt 16 gjennom- og utslag gjenstår det fire gjennomslag i Hundvåg- og Ryfylketunnelen. Eiganestunnelen hadde gjennomslag i desember 2016.

– Vi vil i løpet av sommaren ha gjennomslag i Hundvåg- og Ryfylketunnelen, og i juni startar elektroinstallasjonane i Hundvåg- og Ryfylketunnelen, seier Eiterjord. Elektrokontraktane, som er Noregs største landbaserte elektrokontraktar nokon gong underteikna, gjekk begge til lokale entreprenørar. – Det er nybrotsarbeid at vi startar innreiing av tunnelane samtidig som vi framleis driv tunnel, seier Eiterjord. Begge tunnelane er klare til elektroentreprenørane frå 1. juni 2017.

Varierenda bergkvalitet

Med så mange mil tunnel er det ikkje til å unngå at bergkvaliteten har variert med tidvis dårleg fjell.

– Det har vore nokre utfordringar i tunneldrivinga når det gjeld dårleg fjell og vasslekkasjarm, men et godt samarbeid mellom tunneldrivarne hos entreprenøren og dyktige ingeniørgeologar hos byggherre har løyst problema undervegs. Dette gjer at vi skal stå igjen med trygge og sikre tunnelar for dei framtidige bilistane, seier delprosjektleiar Anne Merete Gilje.

Fakta Eiganstunnelen:

  • Sprengt 10.500 meter tunnel, totalt om lag 875 000 kubikk berg.
  • Cirka 61.780 sikringsbolter
  • Cirka 6.910 forbolter
  • Cirka 34.885 m3 sprøytebetong
  • Cirka 2 171 000 kg injeksjonsmasse

Fakta Hundvågtunnelen:

  • Sprengt 8.521 meter tunnel, cirka 670 000 kubikk
  • Cirka 43.000 sikringsboltar
  • Cirka 1.850 forboltar
  • Cirka 25.000 kubikk sprøytebetong
  • Cirka 3.350 000 kilo injeksjonsmasse

Fakta Ryfylketunnelen:

  • Sprengt 12.500 meter tunnel
  • Asfaltert cirka 9.000 meter (slitelag gjenstår)
  • Ferdige grøfter 11.800 meter
  • I tillegg er mye av tekniske bygg, pumpebasseng og tverrslag snart ferdig
  • I tillegg kommer alt arbeidet i dagen, veg, portaler, masseutskiftning, sjøfylling, etc.