Framdrifta og økonomien er under kontroll på eit av dei største vegprosjekta i landet. 

52.810 meter tunnel er asfaltert, og på nokre stadar ser tunnelane så ferdige ut at ein lokalpolitikar meinte at det måtte vere mogeleg med kolonnekøyring gjennom Ryfylketunnelen. Men han gløymde at det viktigaste står att - sikkerheitsgodkjenna alle tre tunnelane. Detta er også årsaka til at opningsdatoen ikkje er fastsett.

Verdas lengste og djupaste

 Ryfylketunnelen (14,3 km.), Hundvågtunnelen (5,7 km.) og E39 Eiganestunnelen (3,7 km.) skal bli verdsleiande på tryggingutrystning. Hausten 2019 startar jobben med å teste ut «siste nytt» innan styrings- og tryggingsutrusting.

Ei av mange utfordringar i prosjektet var massehandtering.

- Cirka seks millionar kubikk stein er sprengt. Dette har blitt til cirka 330 dekar nytt industriområde. Med så store tal, er det umogeleg å ikkje få utfordringar med dårleg fjell. Men forseinkingane som det skapte er teke inn med god effektivitet på etterarbeida, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord.

29 nasjonalitetar

Han har på det meste hatt over 50 vegvesenansatte i prosjektadministrasjonen, og over 800 arbeidarar frå 29 nasjonalitetar har vore med å bygge Ryfast. Totalt har dei fire store hovudentreprenørane kjøpt varer og tenester frå over 300 underleverandørar.

- Det er utfordrande å kontrollere at underentreprenørane ikkje bryt norske lover og reglar, men eg meiner vi har hatt god kontroll. Det er ikkje til å unngå at eit så stort prosjekt i ein by er utfordrande for naboar og andre. E39 frå Stavanger sentrum og sørover har desidert størst trafikkt i byen. Vi har lagt om trafikken kvar månad, men det har ikkje vore eit einaste uhell. Det er imponerande med over 50.000 bilar i døgnet.

40.000 blomar, buskar og trær

For det er ikkje berre tunnelar som skal byggast - det er fem store daganlegg som alle gir følgjer for innbyggarane i Stavanger.

- Vi har planta over 40.000 blomar, buskar og trær, samt vi har bygt 10.400 kvadratmeter med natursteinmurar. Vi skal gå i frå bynære område finare enn då vi starta. Områda er omgjorde til estetisk vakre parkanlegg som er by-landskapsopprusting. Som ein del av dette har vi bygd tre leikeparkar og på Kuneset, i bydelen Hundvåg, blir lekterkaien og deponiområdet ein del av eit utvida friluftsområde, seier Eiterjord og smiler.

Interessa for prosjektet er framleis stor frå media og ikkje minst fagpersonar frå andre nasjonar. Å informere naboar og andre under heile byggjeperioden er viktig, meiner prosjektleiaren, og fortset:

- I førre veke hadde vi 52 personar frå Slovenia på besøk, med den slovenske vegsjefen i spissen. Eg er stolt av å vise fram eit så stort og vellukka prosjekt, seier ein nøgd prosjektleiar.

Ryfast har ein oppdatert prosjektkostnad på cirka 10 milliardar kroner, og prognosen så langt er at dei fastsette økonomiske rammene er under kontroll.

Fakta om Ryfast og Eiganestunnelen

  • 52.810m tunnel (inkl. to tunnelløp og rampar i alle tunnelar)

  • Cirka 15.000 sprengde salvar - kvar på cirka 1000 kilo sprengstoff  

  • Cirka: 10.269 tonn betongelement

  • Cirka: 157.482 kubikk støypebetong til konstruksjonar

  • Cirka: 214.052 kubikk sprøytebetong for tak, veggar og sikring

  • Cirka: 1400 kilometer trekkerøyr

  • Cirka:  5.000 meter veg i dagen

  • Cirka: 10.000 kvadratmeter støyskjerming

  • I tillegg blir det bygd eit omfattande nett av gang-/sykkelvegar, blant anna cirka ein kilometer av ny sykkelstamveg med tilhøyrande undergangar/bruer.