Kontrakten omfattar elektrotekniske anlegg, tryggingsutrusting samt system for styring, regulering og overvaking (SRO) i Eiganes- og Hundvågtunnelen.

– Vi er godt fornøgd med å inngå ein kontrakt med ein stor solid og lokal forankra leverandør.  Kontraktssummen er godt innanfor våre budsjett seier prosjektleiar for Ryfast Gunnar Eiterjord.

Siste store Ryfast-kontrakt

E39 Eiganestunnelen (3,7 km) er ein del av kyststamveien mellom Kristiansand og Trondheim og blir bygd i samanheng med rv.13 Ryfast, som består av Ryfylketunnelen (14,3 km) frå Strand til Hundvåg, og Hundvågtunnelen (5,5 km) vidare frå Hundvåg til E39.

– No ser vi fram til eit konstruktivt samarbeid med leverandøren også på denne siste av dei store Ryfast-kontraktane, seier Eiterjord.

Elektrokontrakten er ein av dei største fastlandskontraktar som er tildelt. Det skal blant anna monterast nær 4000 lysarmatur, og trekkast cirka 364.000 meter kraft-, belysning-, signal-, ledelys- og jordkablar.

– Bravida skal no gjennomføre Norges hittil største elektrokontrakt i tunnel, og takkar for tilliten. Vi har erfaring frå mange andre store prosjekt, fleire innan samferdsel, og gler oss svært til å gå i gang, seier administrerande direktør Tore Bakke i Bravida.

Nyttar eigne tilsette

Kontrakten er med å sikre arbeidsplasser, og får også betydning for mange lærlingar.

– Kontrakten betyr mykje for Bravida, og ikkje minst er kontrakten med på å sikre og utvikle lokale arbeidsplassar. Bravida nyttar eigne tilsette i produksjonen, i Norge har Bravida over 2500 tilsette. Ein slik kontrakt støttar ønsket vårt om å satse på eigne tilsette, og sikrar inntak av lærlingar lokalt, seier Bakke.

Kontaktperson i Statens vegvesen: 
Prosjektleiar Gunnar Eiterjord, mobil 918 77 089

Kontaktperson Bravida Norge AS: 
Direktør Tore Bakke, mobil 909 41 607