I desember opnar Ryfast, som består av tre tunnelar: Eiganestunnelen, Hundvågtunnelen og Ryfylketunnelen. Totalt er det bygt 52.281 meter tunnel. Det har blitt fyrt av cirka 18.000 salver. Resultatet er enorme mengder tunnelmasse.

- Vi har klart å bruke all masse til samfunnsnyttige formål. Vi har fylt ut det aller meste i sjøen, som har blitt til 330 dekar med nye industriområde. Vi har også laga nye flotte friområde i Stavanger, som på Kuneset i Hundvåg bydel, der vi no forlet området med ein ny park på 31 dekar, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord.

Lektertransport

Å byggje gigantprosjektet i ein by har vore utfordrande, men med god planlegging og dyktige entreprenørar har arbeidet blitt utført utan store problem.

Massane som er tatt ut i sørenden av Ryfylketunnelen, er frakta med lektarar til Buøy.

- Løysninga med lektertransport frå Kuneset blei vald fordi det ville vore ei stor negativ miljø- og trafikktryggleiksbelasting for lokalmiljøet på Hundvåg og Stavanger sentrum å køyre all overskotsmassen vekk med lastebil via lokalvegnettet og sentrumsgatene, fortel Eiterjord.

Det er frakta 829.000 kubikkmeter tunnelmasse med lektarar for å fylle ut eit 100 dekar stort nytt industriområde på Buøy. Det er eit av Stavanger sine største næringsområde med Rosenberg Verft som den største enkeltbedrifta.

250 lastebilar i døgnet

Massane frå Eiganestunnelen har blitt brukt til å fylle ut i Jåttåvågen, som er eit anna stort næringsområde i Stavanger. På det meste gjekk det 250 lastebilar i døgnet frå transporttunnelen som låg nær sentrum og på den sterkt trafikkerte E39. Transporten av ein million kubikkmeter tunnelmasse blei gjennomført utan eit einaste uhell. Planen til Stavanger kommune for det 100 dekar store området er å tilby tomter til bedrifter som treng kontor.

Det er også fylt ut store næringsområde i Ryfylke og ei vik i Stavanger sentrum. Alt er gjort i samarbeid med private utbyggar og Stavanger kommune.

- Når vi fyrst etablerte lekterkai og utskipingsområde på Kuneset, som den gongen var på åtte dekar, fann vi i samarbeid med kommunen ut at løysinga var å opparbeide dette som eit flott, nytt friluftsområde for innbyggarane på Hundvåg. I sluttfasen har vi lagt ned mykje ressursar for at friområdet skal vere godt landskapstilpassa og bruksvennleg, seier ein stolt prosjektleiar.

Det mest synlege nye friområdet som er blitt bygd, er parken over miljøkulverten over E39. Den bind saman to store friområde nær Stavanger sentrum - Vålandsskogen og Mosvatnet. Det nye friområdet blir offisielt opna av Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø den 5. april 2019.