Statens vegvesen Region vest informerer om at det er sendt over høyringsframlegg til kommunen om ei alternativ løysing for ein mindre parsell innanfor planområdet for rv. 555 Sotrasambandet i Fjell kommune. Den alternative løysinga omfattar endring knytt til kryssinga med ny hovudveg over Arefjordpollen på fylling og kort bru/kulvert i staden for lang bru som vist på opphaveleg planframlegg. Sjølve vegtraséen er ikkje endra. Den alternative løysinga vert handsama  vidare i Fjell kommune.

-Plangrensa for den alternative løysinga er vist med blått.

Bakgrunn for planforslaget

Reguleringsplanen for rv. 555 Sotrasambandet har vore på høyring i perioden 30.08.2015– 31.10.2015. I samband med den store kostnaden som rv. 555 Sotrasambandet totalt sett representerer, har det samstundes vore arbeidd med moglege endringar (kuttliste) som kan gi kostnadsreduksjon.

Kostnaden ved bru over heile pollen er stor. Ved å legge vegen på fylling over store delar av Arefjordpollen vert brulengda og dermed kostnaden redusert. Dette vil samstundes gi ein positiv bieffekt ved redusert transportlengd for steinmassane frå anlegget. Denne løysinga gir kostnadsreduksjonar samstundes som opplevd kvalitet på ferdig anlegg ikkje endrast vesentleg.

Plandokument

Reguleringsplanforslag for alternativ løysing i Arefjordpollen inneheld følgjande dokument:

  1. Planskildring med framlegg til endringar i føresegner – høyringsforslag, datert 14.01.2016
  2. Framlegg til reguleringsplan, plankart nr 1, datert 14.01.2016
  3. Teikningshefte inkludert reguleringsplankart for alternativ løysing, plankart nr 1, datert 14.01.2016.

I tillegg er det som del av plandokumenta, utarbeidd fagrapport for vurdering av «Konsekvenser for marint naturmangfold ved utfylling i Arefjordpollen, Sotrasambandet Fjell kommune», utarbeid av UNI Research datert 13.11.2015.

Dei utarbeider no etter ønskje frå Fylkesmannen i Hordaland, ein tilleggsrapport for vurdering av Arefjordpollen og Larslivassdraget som leveområde for anadrom fisk, spesielt sjøaure. Denne tilleggsvurderinga vert lagt ut så snart den ligg føre saman med eventuell tilråding til avbøtande tiltak.

Det er og lagt ut 3D illustrasjonar både av bruløysing som vist i opphaveleg reguleringsframlegg, og alternativ løysing med fylling og kulvert.

Alle plandokument for den alternative løysinga kan de finne her.

Planforslaget er utarbeidd i samarbeid med Fjell kommune. Det har og vore møte med Fylkesmannen i Hordaland om saka.

Dette planframlegget med tilhøyrande kart og føresegner vert sendt ut til ei avgrensa høyring direkte frå Fjell kommune til berørte grunneigarar og naboar og utvalde offentlege instansar med høyringsfrist 4. mars 2016.