Dei ni høgspentkablane skal skøytast saman på fire punkt på vegen mellom Breivik i Bergen og Litlesotra i Fjell kommune, der dei to sekundær-stasjonane til energiselskapet ligg.

Snart halvvegs

Drivinga av kabel-tunnelen er komen litt under halvvegs på bysida, der tunnelen blir 1,5 km. Ein er og komen godt i gang på vestsida av fjorden, der kabel-tunnelen skal drivast over 1,9 km mellom Knarrevik og BKK-stasjonen på Litlesotra.

Det blir tre skøytepunkt for høgspentkablane, som i dag går i ope terreng og over fjordspennet der det nye Sotrasambandet skal byggast. Dessutan blir det ei samankopling på fjelltunnelen ved stasjonen på Litlesotra, - i alt fire punkt med borehol ned i kabel-tunnelen.

Det blir bora seks hol på eitt punkt i Breivik. Under-entreprenøren som gjer oppdraget reknar med å bruke 3-4 dagar på kvar boring. Hola har ein diameter på kring 40 cm.