Kontrakten har ein verdi på kring 500 mill. kr, og er ein stor milepel for realisering av det nye, etterlengta vegsambandet mellom Bergen og Sotra.

Kontrakten er signert regionvegsjef Helge Eidsnes for Statens vegvesen og administrerande direktør Thor Andre Berg for BKK Nett.

Høgspent under gamlebrua

Den planlagte hengebrua i det nye Sotrasambandet kjem i same fjordkryssing som dagens høgspentline over fjorden mellom Bergen og Fjell. Dermed må høgspenten flyttast før den nye brua kan byggast. NVE ga i 2016 BKK konsesjon til å legge om lina. I mai i år blei det søkt om justering av konsesjonen. No er kontrakta underteikna, og Statens vegvesen og BKK kan gå vidare med prosjektering og seinare flytting av lina. Høgspenten vil gå mot dagens Sotrabru i eigne tunnelar på båe sider og leggast inn i fagverket under den kring 45 år gamle hengebrua.

Heilt spesielt

Statens vegvesen blir byggherre for bygging av tunnelar, sjakter og tilrettelegging for høgspent på dagens bru, medan BKK vil vere byggherre for sjølve kabel-flyttinga.

- For Statens vegvesen er dette heilt spesielt, seier regionvegsjef Helge Eidsnes. Ved flytting av høgspenten i forkant av vegbygginga – er vi med å sikrar straumleveransen til eit viktig eksportanlegg for norsk gass, med Statoil på Kolsnes i Øygarden.

Kritisk for framdrift

- Dette er eit stort kabelprosjekt, som krev god prosjektleiing, seier adm.dir. Thor Andre Berg i BKK Nett. Vårt arbeid er kritisk for framdrift i det overordna prosjektet Sotrasambanet. Det er eit utfordrande prosjekt. Høgspenten skal gå i tunnel i eit tett bustad- og næringsområde. Dessutan skal kablane festast under dagens Sotrabru over fjorden. Men vi har god kompetanse på store prosjekt, og ser fram til oppstart kring nyttår, seier Berg.

Statens vegvesen har planar om å ta til med sine oppgåver knytt til høgspent-omlegging kring komande årsskifte, på grunnlag av vedteke statsbudsjett for 2018. Når kabelarbeidet er ferdig sommaren 2020 vil det bli start på bygging av Sotrasambandet, på grunnlag av ein OPS-avtale.

Men anleggsarbeidet på høgspentlina vil skje som vanlege entreprisar. Dette er eit førebuande arbeid i forkant av OPS-prosjektet, stadfestar regionvegsjefen.