Heile planområdet for ny rv. 555 Sotrasambandet omfattar strekninga frå Kolltveit i Fjell kommune til Storavatnet i Bergen kommune, totalt ei strekning på ca 9,5 km. Området er delt i to reguleringsplanar:

  • Parsell Kolltveit–Bergen kommunegrense i Fjell kommune med planID 20130001 362RP
  • Parsell Fjell kommunegrense–Storavatnet i Bergen kommune med planID 1201_62990000

Planforslaget går no til 1. gongs handsaming i Fjell kommune og Bergen kommune for vedtak om offentleg ettersyn av planmaterialet. Planforslaget vert så lagt ut til høyring slik at alle skal kunne gjere seg kjent med planen og kome med merknader. I samband med høyringa vert alle grunneigarar, naboar og andre partar som er råka av det planlagde vegtiltaket, skrivne til om høyringa,  merknadsfristar m.m.

I utleggingsperioden vil Statens vegvesen i samarbeid med Fjell kommune og Bergen kommune ha opne kontordagar slik at alle kan kome å få informasjon om planane og kva for konsekvensar tiltaket vil ha.

Informasjon om høyring, kontordagar og merknadsfrister, vert lagt ut på våre internettsider så snart det er fastlagt.

Planmateriale som er sendt over til kommunane, er gjort tilgjengeleg på sida Reguleringsplan Kolltveit–Storavatnet.