Høyringsframlegg til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for fastlandssambandet Sotra-Bergen, parsell Kolltveit–Storavatnet, er no sendt over til Fjell og Bergen kommunar for vidare handsaming (brev av 20.02.12). Plan ID 20050021 i Fjell kommune og plan ID 19920000 i Bergen kommune.

Planframlegget utgjer følgjande dokument

Eit høyringsframlegg til planrapport som omtaler heile strekninga Kolltveit–Storavatnet og er felles for Fjell kommune og Bergen kommune.

Fjell kommune

  • Høyringsframlegg til felles føresegner for alle traséalternativ på strekninga Kolltveit-kommunegrensa mot Bergen
  • Teikningshefte med framlegg til plankart for kvart traséalternativ og illustrerande plan- og profilteikningar for kvart traséalternativ på strekninga Kolltveit-kommunegrensa mot Bergen

Bergen kommune

  • Høyringsframlegg til felles føresegner for alle traséalternativ på strekninga kommunegrensa mot Fjell–Storavatnet
  • Teikningshefte med framlegg til plankart for kvart traséalternativ og illustrerande plan- og profilteikningar for kvart traséalternativ på strekninga kommunegrensa mot Fjell–Storavatnet

Planframlegget er utarbeidd med grunnlag i fastsett planprogram for planarbeidet og dei vedtak som vart gjort i samband med fastsettinga. Planprogrammet vart fastsett i Fjell kommunestyre 27.10.11, sak 94/11 og i byrådet i Bergen kommune 20.12.11, sak 1557-11.

Som del av konsekvensutgreiinga er det utarbeidd fagrapportar for ulike fagtema i samsvar med fastsett planprogram.

Sjå alle dokumenta i planframlegget her

Vidare handsaming av høyringsframlegg til kommunedelplan med konsekvensutgreiing

Planframlegget skal no handsamast av Fjell- og Bergen kommune som er planstyresmakt. Dei vil gjere vedtak om å legge saka ut til offentleg høyring. Med grunnlag i utleggingsvedtaka vil Statens vegvesen Region vest, etter avtale med Fjell- og Bergen kommune, legge planframlegg til kommunedelplan med konsekvensutgreiing ut til offentleg høyring etter gjeldande reglar i Plan og bygningslova.

Statens vegvesen Region vest vil ta i mot alle merknader og uttale som kjem inn i høyringsperioden, og sende dei saman med oppsummering og kommentarar over til planstyresmaktene Fjell- og Bergen kommune for politisk slutthandsaming og vedtak.

Tid og fristar for å kome med innspel og merknader, vert kunngjort etter at kommunane har fatta utleggingsvedtak. Saka skal ligge ute til offentleg høyring i 6 veker. Statens vegvesen vil i samarbeid med kommunane arrangere opne informasjonsmøte i høyringsperioden.