Statens vegvesen lyste ut oppdraget til fleire hundre millionar kroner 23. januar. Måndag 12. februar kl. 11.00 er det invitert til tilbodskonferanse på prosjektkontoret til rv. 555 Sotrasambandet på Sandeidet i Bergen. Det blir synfaring til byggeplassane etterpå. Oppdraget kjem om lag samstundes med store tunnel-oppdrag for Bybanen i Bergen, men Statens vegvesen vonar likevel på god oppslutnad frå entreprenørane.

Må vike for nytt samband

Høgspentlina ligg i dag i trasseen for den nye Sotrabrua, som skal byggast mellom Drotningsvik i Bergen og Knarrevik på Sotra. Difor må lina flyttast for å gi plass til den nye Sotrabrua. Det blir 1,5 km med tunnel på bysida og 1,9 i Fjell kommune på Sotra. Høgspentina skal førast mellom BKK sine sekundærstasjonar i Breivik i Bergen og Litlesotra i Fjell kommune. Tunnelane får profil 5,5 meter (om lag 25 kvadratmeter), og skal gi plass til inspeksjonar med bil – og sjølvsagt alle dei ni høgspentkablane.

Frist 1. mars

Entreprisen inneheld og sjakter i tunnelanlegga. Sprenging, injisering, bolting og bruk av spøytebetong er og inne i konkurransegrunnlaget. Det same gjeld vass- og frostsikring. Tunnelanlegget går dels under vatn, og får behov for pumpeanlegg. Elektromontasje ligg og inne i entreprisen.

Kabelen skal trekkjast når tunnelane er ferdige. Over fjorden skal høgspentlina leggast i fagverket under køyrebana på den eksisterande rv. 555 Sotrabrua.

Fristen for å levere tilbod på tunnelane og kabel-flyttinga - er 1. mars.