I samsvar med plan og bygningslova § 11-14, forskrift om konsekvensutgreiing av 26.06.2009 og vedtak i Fjell kommunestyre 27.02.12, sak 14/12 og byrådet i Bergen 20.03.12, sak 1128-12, vert framlegg til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rv. 555 Fastlandssambandet Sotra–Bergen, delstrekning Kolltveit–Storavatnet, lagt ut til offentleg høyring.

Planarbeidet er utført i samsvar med fastsett planprogram for heile strekninga Kolltveit–Liavatnet. Plandokumenta som no vert lagt ut på høyring, omfattar strekninga Kolltveit–Storavatnet. Grense for planområdet er vist med grøn stipla linje på kartskissa nedst på sida.

Planområdet Kolltveit–Storavatnet er delt i to planar:

  • Fjell kommune, parsell Kolltveit–kommunegrensa mot Bergen, planId 20050021
  • Bergen kommune, parsell kommunegrensa mot Fjell–Storavatnet, planId 19920000 (delplan I)

Føremålet med planen er å få vedteke traséalternativ for nytt fastlandssamband mellom Sotra og Bergen på strekninga Kolltveit–Storavatnet.

Tilgrensande plan

Planarbeidet med delplan II; kommunedelplan med KU for strekninga Storavatnet–Liavatnet, planID 61800000, er starta opp. Høyringsframlegg skal etter framdriftsplanen, leggast fram sumaren 2012. Grense for dette planområdet er vist med rød stipla linje på kartskissa nedst på sida.

Tidlegare planprosess – KS1

Det er allereie utført omfattande planarbeid for nytt fastlandssambandet mellom Sotra og Bergen, sjå og omtalen i informasjonen som vart lagt ut 07.03.2011.

Høyringsprosessen knytt til framlegg til kommunedelplan med konsekvensutgreiing

Høyringsframlegg til kommunedelplan med konsekvensutgreiing er utarbeidd i samsvar med vedteke planprogram. Tiltakshavar er Statens vegvesen Region vest. Planmynde er Fjell kommune og Bergen kommune.

Sakspapira vert lagt ut til offentleg høyring i perioden 26. mars til 14. mai 2012

Last ned saksdokumenta , eller sjå dei hos:
- Bergen kommune, Kundesenteret i 1. etg i Allehelgensgate 5
- Fjell kommune, Servicetorget i Fjell rådhus og i biblioteket på Sartor senter
- Statens vegvesen Region vest, resepsjonen, Spelhaugen 12, Fyllingsdalen

Frist for å komme med merknader til kommunedelplan med konsekvensutgreiing er sett til 14. mai 2012. Etter avtale med Bergen kommune og Fjell kommune, skal merknader og innspel til planarbeidet sendast skriftleg til;
Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger
eller på epost til; firmapost-vest@vegvesen.no

Alle merknader og fråsegner som kjem inn, vil følgje saka vidare til politisk slutthandsaming i Bergen kommune og Fjell kommune.

Informasjonsmøte

I samband med høyringa, inviterer Statens vegvesen til ope informasjonsmøte i
- Aulaen, Olsvikåsen videregående skole måndag 16. april 2012 kl 1900
- Kultursalen Fjell rådhus, Straume  tysdag 17.april 2012 kl 1900 

Spørsmål om prosjektet og framlegg til kommunedelplan kan rettast til:

  • Statens vegvesen v/Magnus Natås, tlf 55 51 64 11
  • Statens vegvesen v/Lilli Mjelde, tlf 55 51 64 39
  • Bergen kommune v/Kjell Nordal, tlf 55 56 65 38
  • Fjell kommune v/Willy Sørensen, tlf 55 09 60 00

Last ned større utgåve av kartet som viser planområdet.pdf