I samsvar med Plan og bygningslova § 4-1 og § 11-12 og vedtak i Fjell kommunestyre 24.03.2011, sak 21/11 og i Bergen bystyre 30.05.2011, sak 98/11, vert framlegg til planprogram for utarbeiding av kommunedelplan med konsekvensutgreiing for Sotrasambandet, delstrekning Kolltveit – Liavatnet, lagt ut til offentleg høyring. Samstundes vert det varsla oppstart av planarbeid med kommunedelplan og konsekvensutgreiing. Framlegg til planprogram er utarbeidet i samsvar med Forskrift om konsekvensutgreiing.

Oppdeling i to planar
Planområdet Kolltveit–Liavatnet er delt i to planar:
Plannr. 19290000, parsell Kolltveit–Storavatnet
Plannr. 61800000, parsell Storavatnet–Liavatnet

Oppdeling i to planar er grunna i vegløysing med eit eintydig felles knutepunkt med kryss i dagsone ved Storavatnet både mellom hovudvegane mot Sotra, Askøy og Bergen, og mellom hovudvegane og lokalvegnettet. All av - og påkøyring både mellom hovudvegane og lokalvegnettet skjer i dagen. Dette gir totalløysing med svært stor fleksibilitet. Det er mogleg å velje vegløysing for strekninga mellom Kolltveit og Storavatnet uavhengig av val for vegløysing på strekninga Storavatnet–Liavatnet.  Oppdeling av planområdet Kolltveit –

Knutepunktet ved Storavatnet vil og bli det viktigaste kollektivknutepunktet mellom kollektivtransport frå Sotra, Askøy og lokalområda, og tilknyting til eit kapasitetssterkt, sikkert og effektivt stamlinjenett vidare til Bergen sentrum og andre bydelar. Tilrådingar i arbeidet med KVU Regionpakke Bergen er at bybane bør førast fram til viktige transportknutepunkt i alle bydelar i Bergen. Statens vegvesen føreset at bybanelinja mot vest vert ført fram til knutepunktet ved Storavatnet.

Planarbeidet for dei to planane vert starta opp samstundes og planlegginga vil gå parallelt, men tidspunkt for slutthandsaminga og planvedtak kan verte ulik. Parsellen Kolltveit–Storavatnet vil mest sannsynleg verte handsama først.
Tiltakshavar Statens vegvesen Region vest har i samarbeid med Bergen og Fjell kommune utarbeidd framlegg til planprogram med tilhøyrande bilag for utarbeiding av kommunedelplan med konsekvensutgreiing.

Tidlegare planprosess – KS1
Det er allereie utført omfattande planarbeid for nytt fastlandssambandet mellom Sotra og Bergen, sjå og omtalen i informasjonen som vart lagt ut 07.03.2011.

Endringane i nytt planprogram omfattar i første rekke den delen av veganlegget som ligg i Bergen kommune.

Høyringsprosessen knytt til framlegg til planprogram og varsling om planoppstart
Sakspapirene er lagt ut til offentlig høring i perioden 05.06.2011 til 15.08.2011 hos Bergen kommune, Kundesenteret i 1. etg i Allehelgensgate 5 og i resepsjonen hos Statens vegvesen Region vest, Spelhaugen 12, Fyllingsdalen.

Merknader og innspel til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Merknadsfrist er 15. august 2011

Informasjonsmøte
I samband med at planprogrammet ligg ute til offentleg høyring, inviterer Statens vegvesen til ope informasjonsmøte i Kultursalen på Vestkanten onsdag 15. juni 2011 kl. 19:00. 

Spørsmål
Spørsmål om prosjektet og planprogrammet kan rettast til:

Tiltakshavar Statens vegvesen
Statens vegvesen     v/Magnus Natås, tlf 55 51 64 11
Statens vegvesen     v/Lilli Mjelde, tlf 55 51 64 39

Planstyresmakt
Bergen kommune       v/Rune Herdlevær, tlf 55 56 65 37
Fjell kommune            v/Christian Alstad, tlf 56 09 60 00