Høyringsframlegg til nytt planprogram (datert 27.01.2011) for utarbeiding av kommunedelplan med konsekvensutgreiing for fastlandssambandet Sotra–Bergen er utarbeidd av Statens vegvesen Region vest i samarbeid med berørte kommunar og Hordaland fylkeskommune. Framlegget vart 15. februar 2011 sendt over til handsaming i Bergen og Fjell kommunar.

Bakgrunn for nytt planprogram

Det er allereie vore utført omfattande planarbeid for Sotrasambandet. Eit første planprogram for området mellom Kolltveit og Storavatnet vart fastsett sumaren 2008 og på grunnlag av det planprogrammet vart det utarbeidd eit framlegg til kommunedelplan med konsekvensutgreiing som vart lagt ut til høyring haust/vinter 2008/2009. Samstundes vart det utarbeidd ei konseptvalutgreiing for Sotrasambandet.  Regjeringa si avgjerd er at berre løysingar med bru i dagens korridor skal leggast til grunn for det vidare planarbeidet.

Dette høyringsframlegget til nytt planprogram har bakgrunnen i vedtak gjort i Bergen bystyre 22.03.10, sak 70/10 og 71/10, om utviding av planområdet til Liavatnet. Vedtaket i Bergen bystyre fører til vesentlege endringar i planomfang og i vurderingar av veg- og transportløysingar. Planprosessen må derfor startast på nytt.  Første fase er utarbeiding av nytt planprogram.

Mykje av utgreiingane som vart utført i 2008 vil danne grunnlag for vidare og oppdaterte utgreiingar i dei tema som skal utgreiast i samband med utviding av planområdet til Liavatnet.

Siligsprosess

Som del av arbeidet med planprogrammet, har det vore ei siling av aktuelle alternative løysingar for vegsamband innanfor det utvida planområdet. Dette arbeidet er omtalt i vedlagte rapport, bilag 2. Eit samandrag av silingsrapporten er teke med i planprogrammet, sjå pkt 11. 

Overordna trafikkanalyse

Det er og utarbeidd ei overordna trafikkanalyse som omhandlar kapasitetsvurderingar og trafikkavvikling utan utbygging (0-alternativet) og med utbygging av nytt fastlandssamband Sotra – Bergen i ulike alternativ. Dette arbeidet er omtalt i vedlagte rapport, bilag 3.   

Vegvesenet si tilråding

Prinsipp 1 der planområdet kan delast i to planar, vert lagt til grunn for vidare planlegging. Prinsipp 2 vert silt vekk.

Det vert meldt oppstart av planarbeid for utarbeiding av kommunedelplan med konsekvensutgreiing for kvar av dei to strekningane Kolltveit – Storavatnet og Storavatnet – Liavatnet.

Vidare handsaming av planprogram og oppstartsmelding

Med grunnlag i handsaminga av utleggingssaka i dei berørte kommunane Bergen og Fjell, vil Statens vegvesen Region vest legge ut framlegg til planprogram og melding om oppstart av planarbeid for kommunedelplan og konsekvensutgreiing til offentleg høyring etter gjeldande regler i PBL.

Statens vegvesen Region vest vil ta imot alle merknadar og uttale som kjem inn i høyringsperioden, og lage ei oppsummering samt kommentere alle merknadane og uttalene etter at høyringsfristen er gått ut.

I samarbeid med kommunane Bergen og Fjell og med grunnlag i dei merknadane og uttalene som kjem inn, vert det vurdert evt endringar i framlegg til planprogram før oversending til planstyresmaktene Bergen og Fjell kommune for politisk handsaming og fastsetting.

Opplysningar om høyringsfristar, informasjonsmøte m.m vert lagt ut seinare. Dette vert og kunngjort i pressa.