Det blir sandblåsing og maling på delar av fagverket. Det skal og byggast og monterast kabelkanalar og berebjelkar under brua.

Arbeidet har sluttfrist til september 2019.

Nattarbeid

Planen er å utføre arbeidet om natta, for å redusere hindringar for trafikken over brua. Det vil bli noko regulering av trafikk når arbeidet pågår. Statens vegvesen kjem tilbake med informasjon om dette.

Frist for levering av tilbod på entreprisen er 18. juni i år. Fredag 25. mai blir det tilbodskonferanse på prosjektkontoret til Statens vegvesen, som er i Marinevegen 2 på Sandeide i Nedre Fyllingsdalen.

Kabel-tunnelar

Som kjent er det nyleg signert kontrakt om bygging av kabel-tunnelar for flyttinga av dei ni høgspentkablane mellom Breivik i Bergen og Litlesotra i Fjell. Dette arbeidet skal utførast for Statens vegvesen av eit fellesskap med Bertelsen & Garpestad AS, Egersund og Metrostav frå Tsjekkia – til ein kontraktsum på 276 mill. kr.